ÅRSMØTE 2011 |
EKSTRAORDINÆRT ÅRSMØTE Mandag 30. januar 2012 kl. 20:00 Sted: Kantina hos ETAC, Tresfjord Saker til behandling: Godkjenning av revidert regnskap Avgift for lån av lagsvåpen |
Referat årsmøte i Tresfjord Skytterlag 2011 20.11.2011 På Etac AS Tresfjord Møterom
Til stades: Erlend Overaa, Kato Sætre, Geir Hoel, Egil Lindset, Jan Inge Daugstad, Alf-Henrik Håker, Hans J. Frostad, Lasse Bruaset.
Sak 1: Opning. Hans J. opna møtet.
Sak 2: Val av ordstyrar, skrivar og to til å skrive under møteboka. Ordsstyrar: Hans J. Frostad Skrivar: Lasse Bruaset Til å skrive under møtebok. Kato Sætre, Geir Hoel
Sak 3: Godkjenning av innkalling og sakliste: Innkalling: Godkjend utan merknad Sakliste: Godkjend med merknad om at sak 5.0, 5.1 og 5.2 skal behandlast som ei sak. Sak 4: Godkjenning av årsmeldingar. 4.1 Årsmelding fra hovedstyret vart opplest og godkjend med merknad om at siste avsnitt på første side skal strykast. 4.2 Årsmelding frå Ungdomsgruppa vart opplest. Godkjend utan merknad 4.3 Årsmelding frå Jegergruppa vart opplest. Godkjend utan merknad
Sak 5: Fastsette medlemskontigent. Styrets trekte sitt forslag. Forslag fra Alf H. Håker: 18 år og eldre 450,- kr. 17 år og yngre 300,- kr Kontigenten dekker all trening og oppskyting. Forslag vedtatt.
Sak 5.1: Satser for storviltprøve. Styrets trekte sitt forslag. Forslag fra Alf H. Håker: Oppskyting medlemar kr. 0,- Oppskyting for ikkje-medlemmar: kr. 150,- pr. våpen for to forsøk Kr. 50,- pr. forsøk utover dette Treningsavgift medlemmar: Inkludert i medlemskontigenten Treningsavgift for ikkje medlemmar: kr.150,- pr. kveld. Forslag vedtatt.
Sak 5.2: Avgift for trening/ bruk av el.skiver. Aktive DFS skyttere betaler kr. 100,- pr. kveld. Dette gjelder skyttere som ikkje er medlem i Tresfjord Skytterlag. Forslag vedtatt
Sak 5.3: Oppsett for trening og bruk av bana 2012. Styrets forslag: Som før (2011) Styrets forslag vedtatt med forandring om at styret får fullmakt til å forandre bruk av innendørs banen.
Sak 5.4. Terminliste for 2012 Styrets forslag: Styret får fullmakt til å sette opp terminliste for 2012. Styrets forslag vedtatt.
Sak 6: Innkomne saker: Ingen
Sak 6.1: Vegrett/ bruksrett av veg til skytebaneområdet. Årsmøtet gir styret fullmakt til å diskutere med grunneigarar og veglag for å forhandle fram eit forslag til ein avtale om bruk av vegen.
Sak 6.2: Låneopptak. Årsmøtet gir formann og kasseraren fullmakt til å ta opplån på kr 75.000,- i tillegg til eksisterande lån. Lånet skal finansiere kjøp av elektroniske 15m skiver.
Sak 6.3: Leieavtaler skytebaneområde. Årsmøte gir styret fullmakt til å arbeide vidare med å utarbeide leigeavtaler i skytebaneområdet.
Sak 7: Godkjenning av rekneskap og budsjett. Kasseraren gjekk gjennom rekneskapen, de er ikkje revidert. Styret må kalle inn til ekstraordinært årsmøte for å godkjenne rekneskapen når den er revidert. Kasseraren la fram budsjett for 2012. Med forandringar på inntekt og utgiftssider med ett resultat i eit underskudd på ca. kr.8.500,-, vart budsjettet godkjend.
Sak 8: Val: Hovedstyret: Formann: Hans Jakop Frostad gjenvalg 1 år Medlem: Sindre Lindset gjenvalg 2 år Medlem: Bjørnar Daugstad valgt 2 år Medlem: Erlend Overaa 1 år igjen Medlem: Lasse Bruaset 1 år igjen 1 vara : Lars Gunnar Lund 1 år igjen 2 vara : Merethe Kjersheim gjenvalg 2 år Ungdomsutvalg: Formann: Kato Sætre gjenvalg 2 år Medlem: Kirsti Øvstedal 1 år igjen Medlem: Svein Kjersheim gjenvalg 2 år
Jegergruppa: Formann: Geir Hoel Gjenvalg 1år Jegergruppa velger sine medlemmar sjølv
Revisorar: Alf Henrik Håker Gjenvalg 1 år Jorun Frostad Gjenvalg 1 år Valkomite: Tor Elling Kjersem , formann Trond Lindset Jan Inge Daugstad
Ammoforvaltar: Hans Jakop Frostad Banekontakt: Hans Jakop Frostad
Sak 9: Val av utsendingar til ombudsmøtet. Hans Jakop Frostad Erlend Overaa Egil Lindset Kato Sætre
Sak 10: Avslutning: Møtet slutt 20.40
Geir Hoel Kato Sætre Sign. Sign.
|